Stranda Energi AS og Mørenett AS greier ut samanslåing av nettverksemda

doc_3232_2.jpg

Stranda Energi AS og Mørenett AS har signert intensjonsavtale med mål om å slå saman nettverksemdene i dei to selskapa, og samle dette i Mørenett. 

Det har over ei tid vore ført konstruktive samtalar mellom Stranda Energi AS og Mørenett AS om eventuell samanslåing av nettverksemda i selskapa. Bakgrunnen for samtalane har vore å sjå på nye, meir framtidsretta og robuste strukturar for nettverksemda i regionen. Dette er knytt til regulatoriske krav til nettverksemdene, og krav til forsyningstryggleik, ressurskapasitet, kompetanse og økonomisk bærekraft til naudsynte investeringar. Endringar i energilova, med krav om selskapsmessig og funksjonelt skilje frå 2021, har og vore eit omsyn i desse samtalane. 

Handsaming i april 

Fram til 1. april 2018 vert det jobba med ein modell for samanslåinga. Då skal planane til handsaming hos eigarane, med mål om at den endelege avtalen skal signerast innan 1. august 2018. 


Stranda hovudlokasjon på indre

Stranda er tenkt som hovudlokasjon for Mørenett sin aktivitet på indre Sunnmøre, og dette vil sikre god samhandling mellom Stranda og lokasjonane Mørenett allereie har i Valldal i Norddal kommune og Grodås i Hornindal kommune. Mørenett har vidare lokasjonar i Ørsta, Herøy og Ålesund kommunar. 

Stranda Energi AS vil etter samanslåinga framleis drive med kraftproduksjon, kraftomsetting og fibernett. Alle tilsette vil være sikra gjennom prosessen.  

Foto: Ola Raknes og Rune Kiperberg signerer intensjonsavtalen om samanslåing av nettverksemda i Stranda Energi og Mørenett. 
 

Fotokonkurranse!

 Foto:  Per Johan Alnes

Foto:  Per Johan Alnes

FOTOKONKURRANSE!

Stranda Energi vil arrangere ein fotokonkurranse.

Vi ønskjer bilde frå Stranda kommune. Gjerne bilde som viser

noko av all den aktiviteten som er i kommunen vår gjennom året.

Skriv kvar og når bildet er tatt.

Ein jury vil kåre dei 5 beste bilda.

Fotografen til det beste bildet vil få ein iPad,

dei 4 andre vil få kvar sin powerbank.

Konkurransen avsluttast den 15.12.17.

 

REGLAR

  •         * Bilda sendast til firmapost@strandaenergi.no og merkast med «Fotokonkurranse»
    • Kvar deltakar kan delta med inntil 5 bilde
    • Stranda Energi AS forbeheld seg retten til å bruke innsendte bilde
    • Det er fotografens ansvar å sørgje for at eventuelt avbilda personar er kjent med, og har gitt samtykke til at bilda kan offentleggjerast.
    • Fotografen samtykker ved å sende inn bilde, at han eller ho er bildets rette eigar og opphavsmann, og samtykker samtidig i at bildet kan brukast av Stranda Energi AS.
    • Konkurransen er open for Stranda Energi sine kundar og familiemedlemmar

Målarbytte

Vi har nå skifta halvparten av målarane i nettet vårt.

Dei resterande målarane vil bli skifta i løpet av mai.

Er du ein av dei som har fått ny målar, kan du sjå på timeforbruket ditt ved å logge deg på «Mine Sider». Dette gjer du ved å klikke på MineSider oppe i høgre hjørne.

Her kan du få opp grafikk av timeforbruket ditt, som vist på bilde. Trykker du på excel ikonet, vil forbruket bli overført til excel i tabell format.

AMS - smarte straummålarar

Alle landets straumkundar skal få nye, automatiske straummålarar - på fagspråket kalla AMS. Dette er den største moderniseringa av straumnettet på over 100 år, med fordelar både for kundane, kraftsystemet og klimaet.

I Stranda kommune vil vi starte byte av straummålarane den 27.mars 2017.

Mykje om det du treng å vite om Smart Strøm og smarte straummålarar finn du her:  http://www.smartstromnordvest.no/kunnskapsbasen/

Følgjande brev er sendt kundane i Stranda kommune:

Kundebrev

English version

Ofte stilte spørsmål

Les meir her, og/eller sjå video under.

Problem med målaravlesing

Vi har problem med å få kontakt med enkelte straummålarar hos kundane våre. Innsamlings systemet vårt begynner å bli gammalt og alle målarane skal skiftast ut i mai og juni 2017 (les meir om dette her: www.smarthub.no ). inntil målarane vert skifta ut, må dokke som får SMS, være flinke til å lese av og sende inn målarstanden.

Til dokke som har fått SMS om målaravlesning og ikkje svart, ber vi derfor om at dokke les av målaren og svarar på SMS.
Skriv da: strm målarnr stand (Bruk same mobil tlf som du fikk SMS mld på, til å sende inn målerstanden).

Du kan også legge inn målarstanden ved å gå inn på mine sider på www.strandaenerginett.no
Er det første gangen du er inne på denne sida, må du ha kundenummer og målar nummer tilgjengelig for å registrere deg, dette finn du på fakturaen.

Eller du kan sende målarstanden inn på mail, husk da navn og målernr. E-post adressa er: firmapost@strandaenergi.no eller du kan kontakte oss på telefon: 930 79 890

 

eFaktura - Enkelt og miljøvennleg

Gjer det enkelt og miljøvennleg betal faktuaren med eFaktura eller epost

Registrer deg som eFaktura kunde!

eFaktura avtale inngår du i nettbanken ved å seie ja takk neste gang du skal betale rekninga. 

Kva er forskjellen på e-postfaktura og eFaktura?

E-faktura betyr at vi i Stranda Energi sender fakturaen til nettbanken din, slik at du ikkje treng å leggje den inn sjølv. Ein eFaktura er ferdig utfylt med KID, kontonummer og beløp. Enklare kan det ikkje bli! Beløpet vert ikkje trekt frå din konto før du har godkjend rekninga. Du opprettar enkelt ein eFakturaavtale i nettbanken din eller du kan gjere det på MineSider.

E-postfaktura betyr at vi sender fakturaen til di e-postadresse. Du kan skrive den ut og sjølv velje om du vil betale i banken, via brevgiro eller i nettbank.

Dersom du ønskjer å motta faktura på e-post fyller du ut skjemaet under. Neste faktura vil bli sendt til di e-postadresse.

Ekstremver

Ekstremveret Tor med orkan i kasta, har meldt sin ankomst i ettermiddag/kveld fredag 29 januar. Vi ber derfor om at alle våre kundar førbur seg godt , festar alle lause gjenstandar og er førebudd på at straumen kan vere vekk i periodar.

STRANDA ENERGI har auka beredskap og er godt førebudd på veret som kjem. Vi vil imidlertid svært gjerne ha hjelp frå kundane våre.

Ser du noko som kan føre til feil på straumnettet, eller noko som har forårsaka feil på straumnettet, ta kontakt med oss på vakttelefon nr 70 26 08 65 eller på Facebook.

Sikkerheitsinformasjon frå DIREKTORATET FOR SAMFUNNSSIKKERHET OG BEREDSKAP (DSB):

Ekstremværet "Tor" vil trolig ramme Møre og Romsdal, samt Sør- og Nord-Trøndelag.

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB), Elsikkerhet Region Midt-Norge, vil med bakgrunn i dette anmode berørte nett- og kraftselskaper om å legge ut sikkerhetsinformasjon på sine nettsider

  • Publikum må holde god avstand til/ikke berøre ledninger som har falt ned.
  • Publikum må holde god avstand til/ikke berøre trær eller andre gjenstander som ligger over ledninger.
  • Berøring av ledninger og trær/gjenstander som ligger over ledninger kan medføre livsfare.
  • Nett- og kraftselskaper må varsles dersom man kommer over tilfeller beskrevet ovenfor

Utskifting av linje i Geiranger

Arbeidet med å skifte ut den gamle 22 kV i Geiranger nærmer seg no slutten.

Vi er ferdige frå Union hotell til Flydalen med ny 22 kV linje og er i sluttfasen på 22 kV linja fra Korsmyra til Grande. Som ein kan sjå av bilda, er linja frå Korsmyra til Grande bygd med komposittstolpar.

Dette er eit område vi lenge har vore plaga med hakkespett, og satsar no på at  hakkespetten ikkje er så glad i dei nye stolpane.

Høgspenningslinjene i Geiranger blir skifta

For å sikre betre straumforsyninga i Geiranger, vil Stranda Energi skifte ut høgspenningslinjene  der i løpet av året. Arbeidet vil starte snart. Første del er å flyge på plass stolpar på strekninga Fjordsenteret – Opplendskedal. Dette er planlagt torsdag 19. feb.. Kan bli utsatt ved dårleg flygever.  Følgjande trafostasjonar blir berørt: Kopane, Hole, Flydal, Ørjasæter og Opplendskedal.


Endring i avgift til Energifondet

Endring i avgift til Energifondet

Enova har bestemt at avgifta som går til Energifondet skal endrast, med verknad frå 1.1.2013. Endringa gjeld berre for bedriftskundar, og for strøm som blir brukt til næringsverksemd.

Avgifta som går til Energifondet har til no vore 1 øre/kWh for alle nettkundar. Men frå årsskiftet blir dette endra for bedriftskundar, som i staden vil få eit årleg fastbeløp på kr 800,-. Dette faktureras saman med fastbeløp på nettleie (sjå Enova)

På fakturaer frå Stranda Energi AS vil det derfor sjå ut som fastbeløpet på nettleie for næringskundar aukar i 2013, men det er altså ikkje tilfelle. Tilsvarande vil det sjå ut som prisen på nettleie forbruk har gått ned med 1 øre/kWh.
Stranda Energi sine nettleiepriser er uendra frå 2012 til 2013.

Har anlegget ditt blitt fakturert feil?

Dersom du som kunde meiner du har rett til å bli fakturert påslaget til energifondet som hushald eller fritidshus, må du sende ein skriftlig eigenerklæring om at bruken av energi frå ditt målepunkt i det alt vesentlige er knytt til eit hushald eller fritidshus. Ved nylig nedlagte verksemder som fortsatt er registrert i Brønnøysundregisteret (for eksempel nedlagt gardsbruk), må dato for nedlegging opplysast. Du vil kunne bli bedt om å sende inn meir dokumentasjon.

Eigenerklæringa kan sendes per e-post eller post til Stranda Energi Nett. Postadressa er Stranda Energi Nett, Ødegårdsvegen 123, 6200 Stranda.