Endring i avgift til Energifondet

Endring i avgift til Energifondet

Enova har bestemt at avgifta som går til Energifondet skal endrast, med verknad frå 1.1.2013. Endringa gjeld berre for bedriftskundar, og for strøm som blir brukt til næringsverksemd.

Avgifta som går til Energifondet har til no vore 1 øre/kWh for alle nettkundar. Men frå årsskiftet blir dette endra for bedriftskundar, som i staden vil få eit årleg fastbeløp på kr 800,-. Dette faktureras saman med fastbeløp på nettleie (sjå Enova)

På fakturaer frå Stranda Energi AS vil det derfor sjå ut som fastbeløpet på nettleie for næringskundar aukar i 2013, men det er altså ikkje tilfelle. Tilsvarande vil det sjå ut som prisen på nettleie forbruk har gått ned med 1 øre/kWh.
Stranda Energi sine nettleiepriser er uendra frå 2012 til 2013.

Har anlegget ditt blitt fakturert feil?

Dersom du som kunde meiner du har rett til å bli fakturert påslaget til energifondet som hushald eller fritidshus, må du sende ein skriftlig eigenerklæring om at bruken av energi frå ditt målepunkt i det alt vesentlige er knytt til eit hushald eller fritidshus. Ved nylig nedlagte verksemder som fortsatt er registrert i Brønnøysundregisteret (for eksempel nedlagt gardsbruk), må dato for nedlegging opplysast. Du vil kunne bli bedt om å sende inn meir dokumentasjon.

Eigenerklæringa kan sendes per e-post eller post til Stranda Energi Nett. Postadressa er Stranda Energi Nett, Ødegårdsvegen 123, 6200 Stranda.