Høgspenningslinjene i Geiranger blir skifta

For å sikre betre straumforsyninga i Geiranger, vil Stranda Energi skifte ut høgspenningslinjene  der i løpet av året. Arbeidet vil starte snart. Første del er å flyge på plass stolpar på strekninga Fjordsenteret – Opplendskedal. Dette er planlagt torsdag 19. feb.. Kan bli utsatt ved dårleg flygever.  Følgjande trafostasjonar blir berørt: Kopane, Hole, Flydal, Ørjasæter og Opplendskedal.