Fakta om straumnettet i Stranda kommune

  • 114,30 km høgspenningsluftlinjer
  • 451,70 km høgspenningskabel
  • 199,50 km lågspenningsluftledning
  • 127,90 km lågspenningskabel

Dette er til saman 893,40 km med straumførande leidningar, som leverar 113,7 millionar kWh til 2980 nettkundar i Stranda Energi sitt forsyningsområde.

Fakta om straumnettet i Norge

Eit nett – mange kundar

Det norske kraftnettet transporterar straum til landets 2 millionar hushaldningar og til landets industri og næringsliv. Til saman er det strekt over 300.000 km med ledningsnett i Norge.
Om lag 60 prosent av det norske kraftnettet er lokalnett – det som går inn til bustadhus, industri og næringsliv.
I tillegg kjem ledningane til utlandet, noko som gir auka forsyningssikkerheit både her og i våre naboland.

Kraftbalansen

Årleg fraktast om lag 120 milliarder kilowattimer (kWh) gjennom straumnettet. (1 milliard kWh er nok til å halde 50 000 husstander med lys og varme i eit år).
Sjølv i eit år med vanlege nedbørsmengder produserar Norge mindre straum enn vi forbrukar. I eit nedbørsfattig år kan underskotet bli 10 – 20 milliarder kWh. Derfor må vi kjøpe straum frå utlandet

Nettselskapa

I Norge er det om lag 140 nettselskap. Selskapa driv kvar sin del av straumnettet, nokon dekker store områder, andre små.
Om lag 80 prosent av nettselskapa er eigd av kommunar, fylkeskommunar eller staten. Dette medfører at utbyttet frå nettselskapa går tilbake til det offentlege.

Regulering

Straumnettet er eit naturleg monopol – fordi det ikkje gir meining å bygge to ledningsnett til det same huset. Sidan det ikkje finst fleire nett, kan ikkje straumkundane velje kva for nettselskap dei vil bruke. Derfor er nettselskapa strengt regulert.

Myndigheitene bestemmer ”alt”: Kor stor inntekt nettselskapet skal ha, kva dei må gjere for å halde nettet ved like, korleis kundane skal kompenserast dersom straumen går, korleis nettariffen skal lagast etc. etc.
Myndigheitene fører streng kontroll med at reglane blir følgde. Ein finn meir informasjon om nett- reguleringa på heimesida til Norges vassdrags- og energidirektorat, www.nve.no