Om Stranda Energi AS

Stranda Energi AS er eit vertikalintegrert kraft selskap, d.v.s vi har kraftsalg, kraft produksjon og linjenett, i same selskap.

Stranda Energi AS er 100 % eigd av Stranda Kommune.

Stranda Kommune er lokalisert på Sunnmøre. I kommuna er det 4 bygdelag, der Stranda er kommunesenteret, foruten Liabygda er det dei kjende turistbygdene Geiranger og Hellesylt. Vi har eit svært variert næringsliv, og er ei stor reiselivskommune. Med vår fine og varierte natur, kan vi tilby eit fantastisk turterreng både sommer og vinter. Vi er om lag 4700 innbyggjarar, og arealet til Stranda kommune er på om lag 867 km2.

Stranda Energi hadde i 2007 ein energiomsetnad på om lag 114 GWh i eige nett, og om lag 100 GWh til eksterne kundar. Vi har 115 km med høgspent kraftlinjer og 45 km med høgspent kabel som fordelar straumen til 3000 nettkundar.

Vi har eigenproduksjon på om lag 60 GWh i Fausa Kraftverk og i Furset Kraftverk.

Stranda Energi var av dei første energiverka som tok i bruk 2-vegs kommunikasjon mot straummålarane i eige nett. Dette gjer at vi kan fjernavlese alle straummålarane som er i nettet.

Forretningside

Forretningsideen vår fortel kva vi skal skape og er ei viktig rettesnor for kva oppgåver vi skal konsentrere oss om og prioritere.
"Vi skal produsere el-kraft og tilby sikker og rasjonell energiforsyning til konkurransedyktige prisar"

Visjon

Ein visjon seier noko om kva vi skal strebe mot, og kva posisjon vi ynskjer at Stranda Energiverk skal få i marknaden.
"Vasskraft som rein og fornybar energi skal vere førstevalget for alle"

Energiverket i Stranda vart grunnlagt i 1916, og fekk i 1949 namnet Stranda Kommunale Elverk. På 70-tallet vart dei lokale kraftlaga i Liabygda, Geiranger og på Hellesylt slegne samman med Stranda Kommunale Elverk. Elforsyninga i Stranda kommune vart da samla i eit selskap med kommunestyret som høgste styringsorgan.

I 1993 vart namnet endra til Stranda Energiverk. I 1998 vart energiverket aksjeselskap, og fekk namnet Stranda Energiverk AS. I 2012 vart så namnet endra til Stranda Energi as. Stranda Energi har omlag 20 tilsette.