Fotokonkurranse!
/Foto: Per Johan Alnes
FOTOKONKURRANSE!
Stranda Energi vil arrangere ein fotokonkurranse.
Vi ønskjer bilde frå Stranda kommune. Gjerne bilde som viser
noko av all den aktiviteten som er i kommunen vår gjennom året.
Skriv kvar og når bildet er tatt.
Ein jury vil kåre dei 5 beste bilda.
Fotografen til det beste bildet vil få ein iPad,
dei 4 andre vil få kvar sin powerbank.
Konkurransen avsluttast den 15.12.17.
REGLAR
- * Bilda sendast til firmapost@strandaenergi.no og merkast med «Fotokonkurranse»
- Kvar deltakar kan delta med inntil 5 bilde
- Stranda Energi AS forbeheld seg retten til å bruke innsendte bilde
- Det er fotografens ansvar å sørgje for at eventuelt avbilda personar er kjent med, og har gitt samtykke til at bilda kan offentleggjerast.
- Fotografen samtykker ved å sende inn bilde, at han eller ho er bildets rette eigar og opphavsmann, og samtykker samtidig i at bildet kan brukast av Stranda Energi AS.
- Konkurransen er open for Stranda Energi sine kundar og familiemedlemmar