Ledige stillingar


Vi søkjer ein strukturert og fagleg dyktig Planleggar

 Vi skal tilsette ny planleggar som skal sørge for at vi er godt førebudd og leverer gode prosjekt i nettdelen av selskapet.  

Arbeidsoppgåver

  • Prosjektere og sikre god gjennomføring av serviceoppdrag og mindre byggeoppdrag i distribusjonsnettet i henhold til gjeldende lovverk, og i tråd med våre retningslinjer og prosessar

  • Ansvar for HMS i prosjekterings- og gjennomføringsfasen

  • Arbeidsplanlegging og oppfølging mot montørar og entreprenørar

  • Vera pådrivar for sikre at våre interesser vert ivaretekne når andre interessenter og aktørar er involvert i byggeoppdraga

  • Økonomistyring og rapportering

Kvalifikasjonar

  • Teknisk fagskule elkraft eller anna relevant utdanning 

  • Erfaring med elkraftfaget er ein fordel

  • Sertifikat klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du set HMS i høgsetet

  • Du er initiativrik, beslutningsdyktig og resultatorientert med gode kommunikasjonsevne

  • Du er ein god lagspelar og likar å skape entusiasme og eigarskap og bidra til eit godt fellesskap

  • Du er sjølvstendig, men likar å jobbe i team

  • Du har gode PC-kunnskaper 

  • Du vil bidra til vår visjon om å vere ein viktig lokal samfunnsbyggjar

Vi tilbyr

  • Svært spennende arbeidsoppgåver i eit selskap i utvikling

  • Innflytelse og ansvar med muligheiter for stor påvirkning av eigne oppgåver

  • Kompetanseutvikling innanfor prosjektering av distribusjonsnett og prosjektleiing 

  • Jobb i eit selskap som set HMS i høgsetet

  • Eit aktivt, kompetent og utviklande arbeidsmiljø

  • Konkurransedyktige betingelsar med gode forsikrings- og pensjonsordningar

Om Stranda Energi

Stranda Energi AS er eit vertikalintegrert kraftselskap, d.v.s vi har kraftsal, kraftproduksjon og linjenett, i same selskap. Stranda Energi AS er 100 % eigd av Stranda Kommune. Vi er 17 tilsette og omset for omkring 70 MNOK med solide årlege resultat. Selskapet er i ei spanande utvikling og har ein solid kapitalbase.

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

Arbeidsstad: Stranda.

Søknadsfrist: 15.08.2019

For nærare opplysningar ta kontakt med vår rekrutteringsrådgjevar Jan Sverre Sivertsen (Sivert) på tlf. 414 50 642 eller dagleg leiar Ola Raknes på tlf 917 21 075. Skriftleg søknad og CV sendes til sivert@utogopp.no.